Lokal | 16. sep. 2015

Klare til å ta meir stein

Lyseparken kan ta meir stein om deponiet i Liavatnet ikkje blir noko av. Tysdag skisserte ordførar Terje Søviknes ei mogleg løysing.

Klare til å ta meir stein
Lyseparken, slik ABO såg for seg den då utkast til masterplan for Lyseparken blei presentert i 2013 (ill: Os kommune/ABO)
Andris Hamreonsdag 16. sep. 2015 10:54

Allereie i juni fortalde prosjektdirektør for Lyseparken, Fredrik Seliussen, til Midtsiden at han ønska seg meir stein frå E39 Svegatjørn-Rådal-prosjektet.

– Behovet for stein er større enn kva vi tidlegare trudde. Vi har to ulike scenariar vi jobbar etter. Eitt kor vi nyttar den mengden stein som ligg i prosjektet frå Statens Vegvesen og eitt kor vi får tilgang på meir, fortalde Seliussen då vi snakka med han om at Lyseparken kunne bli Europas grøne Sillicon Valley.

Trakk tilbake igangsettingsløyvet

I utgangspunktet er det lagt opp til tre deponi av steinmasser i E39-prosjektet. Eitt i Liavatnet i Bergen, eitt i Hordnesskogen og eitt i Endelausemarka, kor Lyseparken skal formast.

Først fekk Statens Vegvesen igangsettingsløyve til å bruka Liavatnet som deponi frå Bergen kommune, men berre ei veke før spaden skulle stikkast i jorda, trakk byrådet igangsettingsløvyet tilbake, noko vegvesenet meinte dei ikkje kan gjera. I følgje BT har vegvesenet sendt eit brev til Bergen kommune kor dei hevdar at vedtaket er ugyldig og kor dei trugar med regresskrav mot kommunen.

Ser på løysingar

I formannskapet tysdag, då utvalet skulle handsama planprogrammet for Lyseparken, orienterte ordførar Terje Søviknes om situasjonen og om ei mogleg løysing.

– Vi har masseutfordringar i Lyseparken og skulle hatt meir stein, stadfesta ordføraren.

– Eit alternativ til å høvla ned alle nabbar og haugar i terrenget, er å rokkera på heile bilete i den totale massedisponeringa. Vi ser på moglegheiten for om ein kan legga den eine millionen kubikkmeter som er tenkt i Liavatnet i Hordnesskogen og så ta den knappe millionen kubikkmeter som var tenkt deponert i Hordnesskogen til Lyseparken.

Kjem til å kosta

Ordføraren var klar på at det ikkje berre var positive sider ved ei slik løysing.

– Vi før løyst behovet Lyseparken har for meir stein, men det har konsekvensar både for kostandane i E39-prosjektet, med auka transportkostnader. Det har både miljø- og transportkonsekvensar med å skulle frakte lastebillass på lastebillass med stein frå Fana til Os. Vi opplevde vel alle korleis det var då bybaneutbygginga deponerte massane i Os og det gjekk ein lastebil kvart femte - sjette minutt på vegen mellom Os og Valleheiane.

– Dette må det gjerast ei grundig analyse på. Vi har allereie gjennom Lyseparken-organisasjonen hyra inn Norconsult til å gjera dette for oss.

– Eit sentralt spørsmål i tillegg til dette er kven som skal dekka dei auka kostnadane. Skal det belastast prosjektet, Bergen kommune eller må vi i Os kommune ta noko av rekninga. Dette er ting vi har diskutert i prosjektstyret for Lyseparken og vi har sagt at blir det forhandlingar mellom vegvesenet og Bergen kommune, så vil vi òg sitta ved bordet, fortalde Søviknes.

– Grip sjansen

Ordføraren fekk støtte frå formannskapsmedlemmane i måten å gripa det ann på.

– Om vi no får moglegheiten til å få tak i gratis eller billig stein, så må vi ikkje stussa. Stein har ein tendens til å bli dyr når du treng den og billeg når du ikkje treng den. Grip moglegheiten, oppmoda Espen Aspenes (Frp), som fekk støtte frå Lars Atle Skorpen (Ap).

– Eg føljer resonnementet til Aspenes, men blir litt hovudrystande over at vegvesenet har satt seg sjølv i denne posisjonen. Først opparbeidar dei ei flott strand og tursti, for så å skulle rasera den berre månader seinare. Eg kan forstå at folk reagerarar og det kan du godt ta opp i dei rette fora, sa Skorpen addressert til Søviknes.

– Det skal eg gjera, men no er det ikkje slik at dei skal øydelegga det dei alt har gjort. Dei har sagt dei vil tappa ned Liavatnet, laga ein ny veg ut i vatnet som dei dumpar steinen frå, for så å auka vannstanden igjen når arbeidet er ferdig, svara Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.