Lokal | 17. sep. 2010

Klart for fest

Mellom 2.000-3.000 dugnadstimar må til for å få Nore Neset dagane vel i hamn. Siste vinnar av billettar til Vestlandsfanden er trekt.

Klart for fest
Andris Hamrefredag 17. sep. 2010 14:05

Arrangementsgruppa for Nore Neset Dagane har full kontroll og gleder seg til fullt hus laurdag og sundag. For å dra arrangementet i hamn har dei ein stab på omlag 60 friviljuge.

- No er vi klare. Mellom 2 - 3000 dugnadstimar reknar eg med kjem til å bli lagt ned i løpet av helga, fortel Morten Døsen.

Han håpar folk kjenner si besøkelsestid og minnar om at alle frå heile Os er hjarteleg velkommen ikkje berre dei som bur på Nore Neset.

- Vi legg ned så mykje arbeid i dette at vi håpar flest mogleg tek turen. Då er det så mykje artigare å arrangere, seier Døsen som lovar god mat og noko for alle, både små og store.

Den siste vinnaren
Døsen sto for siste trekning i konkurransen om å vinna billettar til Vestlandsfanden laurdag kveld. 41 visste at siste plata til Vestlandsfanden heiter "Livets Glade Plommer" og at Reidar Brendeland er vokalist i gruppa.

- Eg vel nummer 10 for det var det eg spela med når eg spela fotball, seier han.

Og vinnaren blei Bergitte Wiik som vil bli kontakta.

Sel billettar i døra
Førehandssalet er omlag 200 billettar til Vestlandsfanden. Difor har arrangørane bestemt seg for òg å selja billettar i døra. Dei håpar folk er tidleg ute slik at ikkje trengselen blir for stor.

- Dørane opnar kl 1930 og då vil det bli mogleg å kjøpa billettar der for etternølarane.

- MEN alle lyt ha med kontantar. Vi har ikkje kortterminal eller minibank, oppmodar Døsen.

Veddemålet utset
Midtsiden.no skrev tidlegare i år om det heftige veddemålet mellom Benedicte Olsen og Mons Askvik om å løpe raskest i Liafjellet Opp. Innsatsen var at taparen skal betala Roma-tur på vinnaren.

Dei har måtte utsette veddemålet, men vil finna ei anna helg å konkurrera på.

For dei som har lyst og anledning til å delta denne helga er det moglig å melda seg på mellom kl 10 og 11 laurdag førmiddag.

- Påmeldinga skjer i startområdet fram til kl 11.00. Sjølve starten går kl 12, seier Døsen som reknar med vel 100 deltakarar.

SJÅ PROGRAMMET HER

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.