Lokal | 21. juli 2010

Klart for golf og fjellturar

Med ny starthytte har både turgåarar og golfarar fått eit fint tilbod i Øvredalen.

Klart for golf og fjellturar
Andris Hamreonsdag 21. juli 2010 09:01

Vildmarken Golfklubb si nye starthytte er ferdig og har opna for alle som legg turen inn i Øvredalen.

- Vi held hytta open nesten kvar dag om sommaren, fortel leiar i Vildmarken Golfklubb, Arvid Myrmell.

- Heng skiltet med toalett oppe på verandaen er ho open, og det er berre å bruka hytta og dei fasilitetane du finn der, fortel Myrmell og ønskjer alle som vil nyta den vakre naturen i Øvredalen velkomen.

Om skiltet ikkje heng oppe er det ein romsleg veranda med bord og benkar for å eta niste eller berre slappe av.

Hytta er ubetjent, men basert på tillit og sjølhjelpsprinsippet. Her kan du koka deg kaffi og kjøpa brus du finn i kjøleskapet. Nokon frå klubben er innom kvar kveld får å låsa hytta og sjå til at alt er i orden.

Fekk kommunal lånegaranti
For å finansiera starthytta har golfklubben fått ein kommunal lånegaranti for lånet dei har måtta ta opp. Eit av krava i garantien er nettopp at hytta skal vera open for alle, ikkje berre golfarane.

Parkeringsplassen har òg blitt rusta opp i samband med bygginga. Den er også open for andre ein dei med kølle og ball.

- Vi ser ein del som snik seg inn på parkeringa og set frå seg bilen før dei legg ut på tur, akkurat som om dei føler dei gjer noko ulovleg. Det har dei ikkje grunn til å gjera. Parkeringa er for alle.

Golfbane på dugnad
Golfbanen i Øvredalen er driven på dugnad av medlemmane i Vildmarken Golfklubb.

- Vi har ikkje pengar til å tilsetja nokon fast, så då må vi alle vera med på å halda banen i stand.

- No om sommaren har vi riktignok ein kar som hjelp oss med å klippa graset eit par gongar i veka, men dei andre dagane er det vi i styret sitt ansvar.

Greenane blir klipt tre - fire gongar i veka medan fairwayane blir stussa på omgang slik at dei er klipt to til tre gongar kvar veke, om ikkje vêret set ein stoppar for det.

Ni hol i god stand – drøymer om tre til
Golfbanen er ein ni-hols par 70 bane. Sidan banane er bygd opp på dugnad har det tatt tid før greenane har blitt så gode som golfarar er vane til frå baner med tilsette greenkeeparar. Men no står ikkje banen tilbake for nokon andre banar.

Graset er tett og jamt og gev akkurat passe motstand når ein prøver å få ballen oppi koppen. Om ein ikkje treff skyldast det neppe banen ...

- No har vi ni flotte hol, men hadde vi hatt pengar til det så ville vi ha fått satt i stand eit område til som er delvis opparbeidd slik at vi hadde fått 12 hol, fortel Arvid Myrmell, som håper det finst nokon med litt pengar til overs som kan hjelpa til.

- Folk er kanskje ikkje vane med å spela ein 12-hols bane, men eg har gjort det sjølv i Spania, og det fungerar heilt fint. Då går du ni hol på første runden før du byttar ut tre av hola på den andre runden når du skal gå ein 18-hols runde, forklarar Myrmell.

Vildmarken Golfklubb blei stifta 7. juni 2000 og er sakte men sikkert bygd opp til ein fullverdig 9-holsbane. Banen er open for alle som har lyst til å spela golf, også dei som ikkje har tatt grøntkort.

Prisar og meir informasjon finn du på klubben si heimeside.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.