Klaska til før jul
Det blei prestisjetunge oppgjer i Oshallen då Os vidaregåande skule hadde si årlege volleyballturnering.


- Om hausten har vi fotballturnering, siste torsdagen før jul er volleyballturnering fast innslag, seier Lisbeth Isdahl, avdelingsleiar ved Os vidaregåande skule.
Lærarane i kroppsøving har ansvar for turneringa, og lærarar og elevar stiller opp for å dømma. Dei aller fleste klassane er representerte, anten med eige lag eller med samanslåtte lag.
- I år hadde vi 21 gutelag delt i 7 puljar og 8 jentelag delt i 2 puljar, fortel Isdahl.
Nokre enkeltspelarar utmerkar seg, men også elevar som er aktive i andre idrettar blir viktige for sine lag.
- Vi hadde eksempel på stjerner, ein enkeltspelar på det eine gutelaget kom til finalen med sitt lag. Men dei møtte eit lag som var meir samspelt og tapte med god margin.
- I jenteklassen var det ei frå klassen som studerer barne- og ungdomsarbeid som hadde ein veldig sterk serv, og det var nok i stor grad med på å sikra dei sigeren over ambulanselinja, som elles har gjort det skarpt dei siste åra.
Vinnar i guteklassen: 1SS A+B (Service og samferdsel, samanslått lag frå a- og b-klassen)
2. plass: 2BAANLB (Bygg og anlegg)
Vinnar i jenteklassen: 2HBU (barne- og ungdomsarbeid)
2. plass: (Ambulanse)