Lokal | 09. mars 2017
Klatra i lysmast
Større politiaksjon på Moberg etter at ein mann klatra i lysmast.
Andris Hamretorsdag 09. mars 2017 08:25
I 7.30-tida torsdag morgon sette politiet i gang ein større aksjon i krysset ved E39 på Moberg, kor dei i ein periode stengde begge avkøyringane frå E39.
Bakgrunnen for aksjonen var at ein mann hadde klatra opp i ein av lysmastene i krysset.
Politiet fekk hjelp av brannvesenet, som kom med lift, og dei fekk mannen ned.
– Mannen blei overlatt til helse då han kom ned, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite ved Os lensmannskontor.
Aksjonen blei avslutta litt etter klokka åtte.