Sport | 30. aug. 2009

Klatra til 3. plass

Os 2 er berre to poeng frå opprykksplass etter sigeren over Ny-Krohnborg i dag.

Klatra til 3. plass
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 30. aug. 2009 20:43

Os 2 slo Ny-Krohnborg 1-2 på bortebane sundag. Heimelaget skåra det første målet, men fire minutt seinare fekk Christer Olsen hovudet på eit innlegg frå Mats Lepsøe.

- Vi starta bra i dag. Det var spesielt å sjå kor heimelaget la seg bakpå frå start, dei gjekk rundt to minutt etter start før dei i det heile tatt var borte i ballen, fortel trenar Tore Nielsen.

To minutt etter Olsen si skåring kom ein fin variant som også Olsen var innblanda i.

- Christer merka at Torkel kom i 190 kilometer i timen, og lobba ballen over Ny-Krohnborg sin bakerste mann. Torkel snappa den opp og banka den i kassen i 31. minutt, fortel Nielsen.

Sjølv om heimelaget viste respekt for gjestane, låg Aga-brørne og lurte og venta på å kontra. Og det var Henning Aga som skåra 1-0-målet.

- Forsvaret vårt hadde ingen enkel oppgåve. I Dani Bergstø sitt fråvær spelte Børge Borgen frå start. Han klarte seg bra, men fekk meir å bryna seg på enn i førre kamp.

- Torkel og Per styrka laget, men over heile linja var vi fysisk sterke og alle hadde ein vannvittig innsats.

Desse spelte frå start: Anders S. Strønen, Baste Jonassen, Børge Borgen, Per Søgnen Merai, Mats Lepsøe, Vegard Leikvoll Moberg, Torkel Hjertnes, Erik Kanestrøm, Espen Valvik, Christer Olsen og Christian Almeland.

Sven Lyssand kom inn for Børge Borgen etter 50. minutt. Erik Kanestarøn blei flytta til venstre back medan Baste gjekk inn i midtforsvaret. Espen Kopperud kom inn for Espen Valvik i løpet av kampen.

Med dette klatra Os 2 frå 4. til 3. plass på tabellen. Ny-Krohnborg gjekk frå 2. plass til 4. plass medan Valestran Hjellvik tok 2. plassen etter solid siger over Os 2 sin neste motstandar, Rosendal.

SJÅ TABELL

Os 2 spelar neste kamp på heimebane sundag 6. september (kl 16.00)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.