Klatra til 3. plass
Baklengsmål etter 2 minutt, 2 x 2 av brørne Kinden og utvising 10 minutt før slutt. Siste heimekamp for Søre Neset blei innhaldsrik.


Fredag kveld spelte Søre Neset sesongens siste heimekamp, nest siste serierunde gjekk mot Fitjar. På bortebane stilte Søre Neset med utespelar i mål og ingen innbytarar. Det enda med 7-1-tap for laget frå nordre del av Stord.
- I dag blei det revansje, noko som også gjorde at vi klatra til 3. plass på tabellen, seier trenar Bjarte Arentzen.
Baklengs etter to minutt
Heimekampen starta ikkje så bra, gjestane skåra nemleg på eit fint angrep allereie to minutt ut i kampen.
- Men det gjekk ikkje lang tid før maskineriet vårt var i gang, og då vi hadde spelt i 10 minutt fekk vi utlikning ved Morten Røttingen.
Tore Kinden, som skåra to mål i førre kamp, putta to til før pause (18. og 35. minutt).
- Tore har spelt seks kampar, pluss fem minutt i ein sjuande kamp, og skåra til saman åtte mål på desse kampane, fortel Arentzen.
Meir Kinden
I andre omgang var det gjestane som skåra det første målet.
- Både eg og nokre av dei på banen ropte "pass på dei to på bakerste stolpe". Men ingen lystra og dødballen hamna hos dei to. Ein av dei reduserte til 3-2.
Men Tore har ein bror, også Anders skåra to i både førre kamp og denne (58. og 70. minutt).
- Eg sa sist at Kjetil Henriksen hadde skåra 16 til no, og Anders Kinden 14. Det var ikkje rett, stillinga var 15-13. Før denne kampen, no er det 15-15 mellom dei som kjempar i tet om årets toppskårartittel.
Pettersen utvist
Andreas Pettersen hadde nok gule kort før dagens kamp til at serieavsluttinga neste helg hang i ein tynn tråd. Og etter ei hard takling i fredagens kamp var dommaren på veg til å dra gult kort og billett til karantene.
- Men så skjedde det noko mellom Andreas og motspelaren, som enda med at han la Fitjar-spelaren i bakken. Andreas fekk direkte raudt og motstandaren gult. Det blei stress dei siste ti minutta, men med 5-2 var vi uansett trygge, seier Bjarte.
Søre Neset klatra, med hjelp frå Skjergard sitt tap, til 3. plass etter sigeren i siste heimekamp. Om Baune 2 taper for Nest-Sotra 2 sundag, så held Søre Neset plassen fram til 22. og siste runde.
Søre Neset avsluttar sesongen med bortekamp mot Vadmyra 2 sundag 18. oktober. Søre Neset vann heimekampen 2-1.
SJÅ TABELL