Lokal | 02. aug. 2020

Klatra ut vindauget med to flasker vin

To personar tatt i aksjon i sentrum.

Klatra ut vindauget med to flasker vin
Kvinna gjekk ut vindauget på Catten (grått bygg) i høgda til Drageset-bygget til høgre. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 02. aug. 2020 21:26

Politiet har pågripe ein mann og ei dame i Os sentrum søndag kveld.

– Vi fekk melding om to personar, der den eine hadde klatra ut eit vindauge og vidare i eit anna bygg, der vedkomande hadde utløyst ein alarm, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund.

– Ein av dei hadde ei øks på seg, men det var aldri ein trugande situasjon. Den andre ringte sjølv til politiet for å seia at ho hadde nokon etter seg. Dei som var etter ho var ein patrulje frå oss.

Begge framsto som rusa, begge er kjente for politiet frå før.

Det var ein av dei tilsette ved Catten Nightclub som varsla politiet.

– Først kom kvinna opp her, og inn i loungen, som ikkje er open. Så kom ein ung mann etter ho. Eg gjekk inn for å seia at avdelinga var stengt, og då var kvinna på veg ut av vindauget med to flasker vin.

Den tilsette tok kontroll på mannen som sto igjen, politiet fann kvinna, som hadde gått vidare i høgde og bort til Drageset-bygget, der ein alarm var utløyst.

Vinflaskene fekk Catten tilbake, den eine var rett nok ferdig opna ...

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.