Kledde seg ut - som snut
Osingen hadde planar om å bli politi, noko som truleg blir vanskeleg etter fadesen natt til laurdag.


Fredag kveld var ein osing utkledd som politimann på eit kostymeparty i Bergen. På veg heim gjekk det gale.
Skulle gå 50 meter
Den falske politimannen var klar over at han burde vera varsam med å visa seg offentleg med uniformen på. Men då han skulle bli henta av venar etter festen, tok han sjansen på å gå dei 50 meterane det var frå lokalet og bort til der sjåføren sto og venta.
- Han kom nesten halvvegs, fortel Midtsiden.no si kjelde.
Tilfeldigvis kjørte ein politipatrulje forbi akkurat då. Politiet reagerte nok på at det gjekk ein uniformert kar langs gata med ei sivil dame i armkroken. Sirenene kom på og mannen blei tatt med til avhøyr.
Sleppt laus - i undikken
Etter avhøyr blei osingen meldt for å utgje seg for å vera polititenestemann. Syndaren hadde ifølgje Midtsiden si kjelde planar om å bli politi, men nålauget søkjarane må gjennom blei nok langt trongare etter fredagens "prøvekjøring" av uniformen.
- Dei tok beslag i uniformen, så då sto han der i boksarshorts og sko. Han fekk heldigvis lånt ei jakke før han hamna på gata.
Lånte uniform av politimann
Uniformen som osingen hadde på seg då han blei stoppa skal han ha lånt av ein polititenestemann.
Truleg kan også han venta seg ein reaksjon av kollegaene sine.
- Det stemmer at vi pågreip ein mann natt til laurdag. Cirka klokka 00.45 møtte patruljen på ein i uniform som både såg rusa ut og gjekk saman med ei jente, stadfestar Ole Geir Magnussen, operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.