Sport | 28. juni 2014

Kleivedalen putta tre

Etter tre kampar utan siger blei det målrikt, tre straffar og full pott til Lysekloster.

Kleivedalen putta tre
Kim Kleivedalen putta tre (arkivfoto: Henrik Mjelva)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 28. juni 2014 23:15

Lysekloster har berre tatt to poeng på dei siste tre kampane. I dag leia dei 5-1 før Vadmyra reduserte i det som var siste heimekamp før sommaren for dei kvitkledde.

Det blei ein actionfylt kamp med mange mål, tidleg skåring, til saman tre straffar og éi utvising.

Lysekloster - Vadmyra 5-3 (3-1)
Målskårarar, Lysekloster: Kim Kleivedalen 3, Baste Jonassen (straffe) og Preben Borgen.

Lysekloster gjekk opp i 1-0 ved Kleivedalen i første speleminutt. Same mann auka til 2-0 i på corner i 10. minutt.

– Så mista vi ballen på unødig vis og det oppsto ein situasjon der det blei straffe til Vadmyra, seier trenar Torbjørn Birkelund.

På 2-1 blei det straffe til Lysekloster, men den missa heimelaget på. Så blei det utvising av Vadmyra-keeper og ny straffe rett etterpå.

Den sette Baste Jonassen inn til 3-1 i 30. minutt.

Rørstad tilbake

Birkelund takkar Rørstad for god balanse i laget i dagens kamp.

– Sigve har vore vekke i eit år, men kom tilbake frå Afrika og viste storform på trening. Han gjorde god figur i kampen med fleire gode innlegg og minst éin målgjevande pasning.

Lysekloster auka til 4-1 i 49. minutt, ved Kleivedalen på corner igen.

5-1 kom to minutt seinare ved Preben Borgen.

– At vi slepp inn to til i andre omgang er ikkje bra, men i dag gler eg meg berre over at vi set fleire sjansar, skårar fem mål og tar tre poeng igjen, seier Birkelund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.