– Knallgod førsteomgang
... men å leia 3-1 er ikkje trygt nok for Os.
Os står framleis utan tap på bortebane, men gjorde i dag som mot Lysekloster, leia 3-1 og delte poeng etter sluttresultatet 3-3.
Os – Vadmyra 3-3 (3-2)
Målskårarar, Os: Sjølvmål (Børge Borgen siste Os-spelar på ball), Stian Lunde og Mats Cato Moldskred.
Alle dei tre første måla blei skåra på corner. Os gjekk opp i 1-0 etter at Børge Borgen fekk ballen i ein motstandar og i mål.
Vadmyra utlikna på corner, men Stian Lunde gav Os leiinga igjen. Mats Cato Moldskred auka til 3-1 på eit langskot før gjestane reduserte før pause.
– Vi spelte strålande, speselt dei første 20 minuttane, synest trenar Jørn Vegard Berge.
Utlikna på med ei perle
I andre omgang var det gjestane som starta best, men det gjekk tid før utlikninga kom.
– Vi hang ikkje heilt med det første kvarteret etter pause, men så synest eg vi kom tilbake.
Men Vadmyra var farleg kampen ut og då ein av gjestane fekk stå åleine utanfor hjørnet av 16-meteren la han opp til ei perle av eit skot med venstrefoten. Ballen skrudde rundt forsvaret og streifa forbi hansken til Frode Øvredal og inn til 3-3.
Ungdomane Kenneth Gjerde og Emil Halver kom innpå som friske pust offensivt og Mats Cato Moldskred heldt fram med gode raid, men Os lykkast ikkje med å ta leiinga igjen.
Både Moldskred og Kanestrøm hadde frispark frå farleg posisjon, men dei største sjansane i andre omgang var det Stian Lunde som hadde.
Os (4-3-3): Frode Øvredal – Torkel Hjertnes, Dani Bergstø, Børge Borgen, John Ole Johannessen – Stian Lunde, Erik Kanestrøm, Mats Lepsøe – Mats Cato Moldskred, Ørjan Glesnes (Emil Halver) og Sander Kvittingen (Kenneth Gjerde).
Både Christer Olsen, Roar Vestbø og Glenn Krossøy er ute med skade. Etter det Midtsiden kjenner til blei Roar skadd då han dribla mot coach Berge etter trening tidlegare i veka.
Os speler neste kamp borte mot serieleiar Sotra fredag om ei veke.