Sport | 19. des. 2015

Knallstart på allround-NM

Sverre overraska seg sjølv på 500 meter og slo sin eigen banerekord på 5000-meteren.

Knallstart på allround-NM
Sverre Lunde Pedersen. (Arkivbilde, foto: Sander Hvammen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 19. des. 2015 19:30

Allround-NM i Stavanger er i gang og Sverre ligg betre an enn på fleire år.

– Dei siste åra har eg blitt sjuk før det starta det eine året, sjuk på dag to det andre og diska på 500 meter eit anna år.

– Sist eg tok medalje var då det blei sølv bak Håvard Bøkko i 2012, seier Sverre Lunde Pedersen til Midtsiden laurdag kveld.

Europa-pers på 500

Den gong var han eitt sekund bak Bøkko på 500, i dag var han berre 16 hundredelar bak førsteplassen på sin svakaste distanse.

– Eg har berre gått éin annan 500 meter denne sesongen, så det gjekk overraskande bra.

36,44 er dessutan den beste tida eg har hatt i låglandet i Europa.

Suveren på 5000 meter

På 5000-meteren var Sverre endå raskare enn då han sette banerekord med 6,20.

Han gjekk inn på 6.19,25, som naturlegvis er ny banerekord, og nesten 12 sekund raskare enn Thomas Søfteland frå Arenadal på 2. plass.

Bøkko kom på 3. plass med 6.33,71.

1500 og 10.000 søndag

Lunde Pedersen ligg godt an før morgondagen.

– Det blir spennande på 1500 meteren, men eg satsar på å ha eit greit forsprang på Bøkko før 10.000 meter.

– Eg gjekk ein tung 10.000 i Salt Lake City, eg reknar med det går lettare i morgon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.