Knallstart på kinoåret
Kø langt ut på plassen framfor Oseana då bygdekinoen starta oppatt på sundag. – "Frost" er så populær at vi set den oppatt no på sundag, seier Janne Mari Hjelle.
Sist sundag "tjuvstarta" Oseana sesongen med bygdekino. På plakaten "Frost" og "Hundreåringen som klatret ut av vinduet og forsvant".
– Det blei ein knallstart på kinoåret.
– Vi hadde heile 460 som såg Frost og 200 som såg vaksenfilmen, jublar Janne Mari Hjelle på Oseana.
Lang kø
Sidan Oseana ikkje var opna att etter julestenginga var det ikkje mogleg å kjøpe billetter på førehand til dei to filmane.
– Då vi opna dørene ein time før filmstart sto det kø langt bortover plassen framfor huset.
– Det var faktisk så mange som kom at vi inne i salen måtte be folk setta seg tettare for å få plass til alle som ville inn, smiler Hjelle.
At det kom så mange som 200 på "Hundreåringen som klatret ut av vinduet og forsvant" er òg Hjelle særs nøgd med.
– Det er eit særs godt besøkstal på ein vaksenfilm.
Frost og Walter Mitty
Sundag førstkommande blir "Frost" igjen satt opp att som barneframsyning.
– Den andre filmen på sundag er "The Secret Life of Walter Mitty" regissert av Ben Stiller, som òg har ei av hovudrollane saman med Kirsten Wiig og Sean Penn.
– Vi har allereie starta førehandssalet til båe filmane så det er berre å stikke innom, avsluttar Janne Mari Hjelle.