Kneip sambuaren, måtte i retten
Ein mann i 50-åra måtte møta i retten etter krangel med sambuaren. Dommarane var ueinige om kva som skjedde.
Det dåverande sambuarparet var i ferd med skilja lag då dei i ein hamna i krangel tidlegare i vinter. Kvinna hadde vore ute og hjelpt ein barndomsven med flytting. Då ho kom heim kravde mannen å få sjå SMSen kor kvinna hadde avtalt å hjelpa til. Kvinna retta då telefonen mot mannen, men ville ikkje gje den frå seg. Den tiltalte mannen prøvde då å ta telefonen frå kvinna utan å lykkast.
Kva som så skjedde vidare er dei to ueinige om.
Tiltalte hevdar at kvinna sto lent mot baderomsinnreiinga og at heldt den eine handa rundt telefonen/handa til kvinna, samstundes som han tok tak i hakeskinnet til kvinna med den andre handa og drog hovudet bakover medan han uttalte "hva faen er det du driver med" før han sleppte taket og kvinna ropte på sonen.
Kvinna hevda på si side at tiltalte hadde tatt tak i begge overarmane hennar og skubba ho mot baderomsinnreiinga. Deretter at han tok tak i halsen hennar og skubba hovudet bakover medan han klemte til og sa "nå vet du hva som skjer". Ho fortalde i retten at ho oppfatta det som ei referanse til at han tidlegare hadde fortalt om eit grep som kunne føre til at ein kunne bli bevisstlaus. Dette gjorde at ho blei redd og følte at ho slutta å pusta. Tiltalte sleppte taket då ho ropte på sonen.
I retten presiserte ho at grepet ikkje var særleg hardt og at det ikkje varte lenge, men at ho blei gripen av panikk og blei redd.
Dommarane ueinige
Fleirtalet i retten (de to meddommerane) fann at det lå føre rimeleg tvil om kva som skjedd og at denne tvilen måtte koma tiltalte til gode.
Dei la til grunn tiltalte si forklaring, støtta opp av legeerklæring som fortalte at fornærma hadde to mindre merker under haka.
Fagdommaren, som utgjorde mindretalet, meinte derimot at det ikkje var tvil om at tiltalte kneip fornærma rett over strupehovudet og at legen sin skildring av kor merkene var var for unøyaktige til å kunne tilleggast avgjerande vekt. Fagdommaren la i si vurdering større vekt på fornærma og sonen si forklaring, enn det fleirtalet gjorde.
Retten kom etter dette fram til at tiltalte skulle dømast for å ha knipe fornærma under haka og dytta hovudet hennar bakover. Som straff blei mannen ilagt ei bot på 8000 kroner.