Sport | 08. mai 2010

Knepent tap

- Det var feil å blåsa straffe, men fortent at vi tapte, seier Stian Lunde om dagens bortekamp. Sundag tar Os 2 imot Voss.

Knepent tap
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 08. mai 2010 14:34

Os spelte i dag sin fjerde kamp i 2. divisjon, og dei nyopprykka gule og svarte står framleis med det eine poenget frå sesongstarten mot Kjelsås.

- Frigg fekk straffe rett før pause på noko som ikkje var hands. Men vi blei pressa store delar av kampen, så det er nok rettferdig at dei vann, seier Os-kaptein Stian Lunde.

Kampen enda 1-0 (1-0) til heimelaget.

- Det nærmaste vi kom skåring var eit gjennomløp av Daniel Kalstad, som avslutta litt for tidleg, så det blei ein lett ball for keeper.

Os har leia 2-0 over både Kjelsås og Vålerenga 2, men har uavgjort i serieopninga beste resultat etter fire kampar.

Os starta med dette laget (4-3-3): Halvard Enes, Baste Jonassen, Dani A. Bergstø, Endre Brenne, Remi Osebakken, Stian Lunde, Tom Skråmestø, Tore Valvik, Torkel Hjertnes, Daniel Kalstad og Tim Henrik Sperrevik.

SJÅ TABELL

I morgon speler Os 2 heimekamp mot Voss kl 16.00.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.