Trafikk-kontroll i Storestraumen og funn av peparspray, knivar og amfetamin oppsummerer dei siste 24 timane for politiet i Os. (Ill.foto: KVB)

Knivar, peparspray og amfetamin

Under to ulike kontrollar i natt fann politiet knivar, peparspray og narkotika i Os nord. 

Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Natta for Os-politiet starta med ein trafikk-kontroll i Storestraumen. Her vart 23 bilar sjekka, utan at det vart reagert på noko.

Litt før klokka tre i natt vart ein bil stoppa i Os nord. I bilen vart det funnen ein peparspray av det ulovlege slaget. På grunnlag av funnet, vart det oppretta sak på ein mann i 20-åra.

I halv fire-tida traff politipatruljen på to menn i i midten av 20-åra - dette òg i området Os nord.

Begge bar kniv, og det vart funnen amfetamin på den eine mannen. Politiet melder at det vart gjennomført avhøyr på staden, og sak vert oppretta på grunnlag av funna. 

Fleire saker

  • Det vart høne i år òg ...

    19. april 2019

    Trass i lite snø vart det påskehøne - for niande året på rad - for familien Holdhus/ Vevle.

  • Påskeprat med Tove

    19. april 2019

    Fem kjappe spørsmål med Tove Tvedt Skarstein.

  • Maritas verd

    19. april 2019

    Marita Moe Sandven vart saman med Ole Amund Gjersvik headhunta til å spela under Festillene i Bergen - det er berre eitt av fleire prosjekt ho...

  • Undersøkte ulykkesstaden i natt

    19. april 2019

    Statens vegvesen og krimteknisk kopla inn grunna alvorlegheitsgraden av MC-ulykka i Industrivegen.

  • MC-ulykke i Industrivegen

    18. april 2019

    OPPDATERT: Motorsyklist henta av luftambulanse - skal ha køyrt inn i lyktestolpe.

  • Påskeprat med Eirik

    18. april 2019

    Fem kjappe spørsmål med Eirik Søfteland

  • Møkka tok straumen til 700

    18. april 2019

    Ein uheldig bonde på Bø kortslutta straumnettet - brannvesenet rykte ut og tok seg av vaskinga.

  • 700 utan straum i Os

    18. april 2019

    OPPDATERT: Klokka 12.30: Straumen tilbake for dei fleste - 57 kundar framleis utan straum. BKK melder om «driftsforstyrrelse»