Lokal | 05. juni 2010

Knuffing og grilling

Natt til laurdag: Støy frå fest på Lekven, knuffing i Varåsen og utagerande grilling på Søfteland.

Knuffing og grilling
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 05. juni 2010 07:37

Fredag kveld og natt til laurdag har vore roleg for politiet i Os.

Rundt 21.30 rykte brannvesen, politi og ambulanse ut på melding om brann på Søfteland. Ifølgje ein Midtsiden-lesar kom røyken frå ein grill, så utrykkingskjøretøya returnerte til Os.

- I 23.30-tida fekk vi melding om lekamsfornærming på ein fest i Varåsen. Ut frå dei opplysingane vi har fått så ser det ikkje så valdsamt ut, men ein ung gut hadde vore litt vill og det er mogleg at kvinna vil melda forholdet, seier operasjonsleiar Erik Gjesdal.

Rett over midnatt fekk politiet fleire meldingar om støy frå ein fest i Lekvenvågen. Politiet tok kontakt med huseigar og dei blei samde om at han skulle skru ned musikken litt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.