Lokal | 03. feb. 2021

Knuffing og varmgang

Politiet hadde to utrykkingar til Os sentrum.

Knuffing og varmgang
Bjørnafjorden lensmannskontor. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. feb. 2021 10:17

Tysdag i 19-tida fekk politiet melding om ungdomar som slåst i Os sentrum.

Politiet etterforskar to ferske tilfelle av gjengvald mot ungdom, og rykte ut.

– Det var roleg då patruljen kom til staden, og det er mogleg at det var leikeslåsting denne gong, seier politioverbetjent Martin Nordeide.

I 20-tida var UP i Os og skreiv ut tre forelegg på Hatvikvegen.

Ein time seinare var UP på E39 på Søfteland, men der var det ingen reaksjonar.

Onsdag morgon, i 07-tida, kom det melding om mogleg brann i ein trailer i Os sentrum.

– Det var litt røyk på staden, men ingen fare for spreiing. Det var truleg snakk om varmgang, og vi har ikkje oppretta sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.