Kultur | 09. mars 2013
Knuser for Kristus
Muskelgruppa TX Vikings, kjent frå Norske Talenter, kjem til Os kyrkje.


Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 09. mars 2013 09:10
Du såg dei kanskje på TV2 i 2008, då dei bøygde jern og knuste plankar?
Sjå semifinaleinnslaget på YouTube.
TX Vikings består av ei gruppe sterke menn, dei fleste tidlegare tungt kriminelle, med éin ting felles; dei er frelste kristne som bruker showet sitt som symbol på krafta til det dei meiner er verdas sterkaste pappa, Gud.
Fredag 15. mars kjem TX Vikings til Os.
– Det blir ein annleis kveld i Os kyrkje, slår ungdomsprest Einar Ekerhovd fast.
Gruppa blir med på ungdomsmøte denne kvelden, og lover fullt trøkk med lovsong, undervising og stuntshow.
Du kan lesa meir om TX Vikings på txvikings.com.