Politi | 13. jan. 2020

Knust rute og tjuveri av mobil

Fekk svar då han ringte sin eigen telefon, men klarte ikkje å spora den opp.

Knust rute og tjuveri av mobil
Mannen fekk hjelp av Os Taxi då han fekk mobiltelefonen sin stolen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 13. jan. 2020 09:02

Natt til søndag blei politiet oppringt av Os Taxi, som fortalte om ein mann som hadde fått mobiltelefon med alle betalingskort fråstolen.

– Det har blitt ringt til telefonen, og det høyrdes ut som om det var nokre ungdomar som svarte, utan at det resulterte i at han fekk telefon og kort tilbake, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Eigar hugsa ikkje Apple-ID-en, så politiet fekk ikkje spora opp telefonen.

– Mannen vil inn til oss og melda tjuveriet i dag.

Det er ikkje notert kvar eller korleis telefonen blei stolen.

Det blei òg funne ei lommebok i løpet av natt til søndag. Denne blei funne av ein som jobbar ved Bjørnafjorden lensmannskontor, som kontakta eigar og fekk møtt vedkomande for overlevering.

Støy frå vorspiel

Litt over midnatt natt til søndag fekk politiet melding om forstyrring av nattero.

Det var høg musikk frå klokka 19 til 00.07, og ein nabo ringte inn klage.

Festdeltakarane skal ha sagt at dei skulle gi seg klokka 00.30, så politiet hadde ingen operative tiltak mot adressa.

Påkøyrd hjort halta ut i skogen i Strøno

Søndag klokka 12.23 fekk politiet melding om påkøyrd hjort i Strøno.

Bilen blei skadd, men ingen personar blei skadd i samanstøyten. Hjorten, ei kolle, skal ha rulla rundt før ho stakk til skogs saman med ein kalv.

– Hjorten halta. Viltkontakt er varsla.

Knust rute på verkstad

Måndag morgon fekk politiet melding om knust rute på ein verkstad i Os sentrum.

Det er uvisst om nokon har vore inne på verkstaden, eller om ruta er knust av noko som har kome flygande med vinden.

Politiet har hatt fleire forhold i trafikken i helga, og før helga.

• Les òg: Køyrde ned stolpe ved ladestasjon på Rema 1000

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.