Simen Waage løper inn den første av mange touchdowns (foto: Andris Hamre)

Knuste capitalistane

Bildeserie: Endeleg kom den første heimesigeren. Os Wolverines knuste NHHI Capitalists 39-6.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Laurdag tok Os Wolverines imot tre av dei andre laga i 8-lags ligaen til serierunde på Kuventræ. I første kamp vann Navy Valkyries frå sjøkrigsskulen 19-12 over Åsane Sharks.

I laurdagens andre kamp kor heimelaget tok i mot studentane frå handelshøgskulen blei det alt anna enn jamnt. Jervane frå Os blei for sterke for studentane og vann komfortabelt 39-6.

- Det gjekk veldig bra i dag ja, smiler Adrian Sælen, leier i Os Wolverines.

Godt forsvar

Kampen starta jamt, men berre etter fem minutts spel gjer NHHI ei tabbe då dei mistar ballen på si eiga 10 yards line. Os utnyttar situasjonen og Simen Waage kan løpe inn laurdagens første touch-down.

- Etterkvart satt spelet vårt veldig bra. Ikkje minst forsvaret gjorde ein strålande kamp. Det var ikkje mange yards Capitalists klarte å vinna i dag.

- Gøy var det òg at nokre av dei ferskaste spelarane våre, som Per Ivar Bolstad og Andreas Olsen, fekk seg nokre touchdowns.

Neste kamp for Os Wolverines går i Åsane om 14 dagar.

- Neste kamp her på Kuventræ blir semifinalen. Den er førebels satt opp til 20. oktober, avsluttar Sælen.

Fleire saker