Lokal | 21. aug. 2013

Knuste frontruta

E39: Stein ramla av lasteplan, knuste frontruta på personbilen som kom bak.

Knuste frontruta
ill.foto: Kari Marie Austevoll
Andris Hamreonsdag 21. aug. 2013 10:53

På veg frå Søfteland mot UnoX tysdag ettermiddag i 1630-tida fekk ein bilførar ein skikkeleg støkk.

– Vedkommande låg bak ein lastebil full av jord og stein, då ein av steinane ramla av planet og traff frontruta på personbilen.

– Ruta knuste, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Føraren av personbilen skal ikkje ha blitt skadd i hendinga, men vil truleg anmelda den til politiet.

– Vi har lite informasjon om lastebilen og er difor interessert i tips frå publikum som eventuelt har sett noko.

– Det kan godt vera mogleg at det er ein av lastebilane som køyrer masser frå bybaneutbygginga i Bergen som forårsaka hendinga, seier Sperrevik.

To anmeldt

I 20-tida tysdag kveld hadde patrulja frå Os ein trafikk-kontroll på Halhjemsvegen, kor 51 bilar blei kontrollerte.

– Det enda med to anmeldingar. Ein førar køyrde bil og hengar utan å ha gyldig førarkort for dette.

– Ein annan hadde eit utgått utanlandsk førarkort. Denne vil og bli meldt, fortel Sperrevik.

Fiska frå Mobergsbrua

Litt før kontrollen, klokka 1830 fekk politiet melding om at to personar sto og fiska frå Mobergsbrua på E-39.

– Dei skal ha stått i 80-sona på brua.

– Då patruljen kom til staden var dei vekke, så vi fekk diverre ikkje tatt ein alvorsprat med dei.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.