Lokal | 10. juli 2009

Knuste KPMG i retten

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 10. juli 2009 10:15

KPMG sin manglande dokumentasjon om refusjon av meirverdiavgift for Os kommune i 2006 kjem til å kosta, ikkje for Os kommune, men for revisjonsselskapet sjølv.

Kommunen får i ein fersk dom fullt medhald i at KPMG har vore uaktsame, og rettet har tilgjent Os kommmune erstatning av hovudstol på drøye 3,8 millionar kroner pluss renter og sakskostnadar, totalt 5 millionar kroner.

- Dette var en befriande dom som tydeleg viser profesjonsansvaret som revisor har. Vi har heile tida meint at Os kommune uforskyldt har kome i denne situasjonen med påfølgjande økonomisk tap, og er svært tilfreds med å få gjennomslag i tingretten. Dette viser at det nyttar å kjempa, sjølv for ein liten kommune som Os - mot en mektig og profesjonell aktør som revisorkjempen KPMG, seier Os-ordfører Terje Søviknes i ei pressemelding fredag.

Os kommune har i forkant av rettsaken avslutta kundeforholdet til KPMG, og gjennomført ny anbodsprosess for revisortenester.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.