Lokal | 07. mars 2010

Knuste rute i sentrum

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 07. mars 2010 07:33

Klokka 2.30 natt til sundag fekk politiet melding o ruteknusing i Os sentrum.

- Vedkomande som knuste rute sprabg frå staden. To vaktar frå eit utestad i same gate følgte etter, seier operasjonsleiar Konrad Grindeland i Hordaland politidistrikt.

Han er ikkje sikker på om vaktane fekk tak i syndaren.

- Men dei har namnet på personen, så han blir kalla inn til politiet seinare.

Det var elles ein roleg laurdagkveld og natt til sundag for politiet. Ei melding om slåssing kom inn, men det viste seg ikkje å vera noko for politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.