Knuste rute på vektar-bil
Politiet natt til søndag: Promillekontroll på Lepsøyvegen, sjekk av tp personar som gjekk og kjente på bilar parkert ved Plantasjen og jakt på mann som blei sint då han ikkje fekk haik med vektar.
Klokka 03.08 natt til søndag fekk politiet melding om hærverk på ein bil eigd av vaktselskapet Nokas.
– Ein mann som hadde spørt vektaren om han kunne kjøra han heim blei sint då vektaren sa nei. Mannen knuste ei rute på bilen hans og gjekk frå staden, fortel opersjonsleiar Ole Geir Magnussen til Midtsiden.
Mannen skal etterpå ha fått haik med ein annan bil og forsvann frå staden.
– Han er truleg mellom 20 og 25 år og hadde på seg mørk blå jakke og blå bukse. Saka blir følgt opp, men om vedkomande i ettertid finn ut at han vil gjera opp for seg er han sjølvsagt velkomen til å ta kontakt, seier Magnussen.
Promillekontroll og snoking
I 2-tida i natt hadde politiet promillekontroll på Lepsøyvegen.
– 35 bilar blei kontrollert. Ein førar fekk gebyr fordi vedkomande ikkje hadde med seg førarkortet.
Klokka 03.04 fekk politiet melding om to menn som gjekk og kjente på dørene på bilar som sto parkert ved Plantasjen.
– Klokka 03.18 sjekka politiet ut to personar i området. Patruljen noterte idenntiteten deira og dimitterte dei to.