Lokal | 18. jan. 2017

Knuste seg inn i hus på Gåssand

Politiet ber om tips etter innbrot og tjuveri frå bustad på dagtid tysdag.

Knuste seg inn i hus på Gåssand
Eit hus på Gåssand blei i går utsett for innbrot og tjuveri. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. jan. 2017 09:23

Tysdag klokka 16.30 fekk politiet melding om innbrot i ein bustad på Gåssand.

– Dei har knust ei terrassedør ved å kasta stein gjennom ruta, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen om korleis dei kom seg inn i huset.

Det skal ha vore romstert mykje rundt i bustaden.

– Fleire ting er sakna, men vi har ikkje full oversikt og vil førebels ikkje gå ut med kva som er stole.

Ber om tips

Innbrotet har skjedd ein gong mellom klokka 7.30 og 16.30 tysdag 17. januar.

Om du har informasjon som kan vera til hjelp i etterforskinga når du politiet på 02800.

– Vi håper nokon har observert noko, det kan vera ein framand bil på veg inn eller ut Gåssandvegen, eller andre detaljar som kan vera til hjelp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.