Sport | 23. aug. 2014

Knuste Smørås

Lysekloster har gjort det greit på overgangsmarknaden i sommar, i dag sette nykomar Helland inn 2 av laget sine heile 8 skåringar på bortebane.

Knuste Smørås
Thomas Helland skåra to for Lysekloster i dag. (Foto: Dagfinn Breivik, LIL)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 23. aug. 2014 18:35

Smørås har starta hausten bra, med siger over både Baune og Varegg, og det blei høyrd rundt banen før kamp at «vi taper no ikkje 4-0 i dag», slik dei gjorde mot Lysekloster i vår.

Det fekk dei heilt rett i.

Smørås - Lysekloster 2-8 (0-3)
Målskårarar, Lysekloster: Thomas Helland 2, Sigve Rørstad 2, Steffen Finsådal, Johannes Jordal og Simen Birkelund. I tillegg blei det sjølvmål til Smørås på eit innlegg.

– I førre kamp fekk vi ned skuldrene etter ein periode der vi har fått dårleg betalt for godt spel. I dag var sjøllvtilliten der og då kom både tempo og presisjon med på kjøpet.

– Det var ein fryd å sjå på og høgt støynivå i garderoben etter kampen, seier trenar Torbjørn Birkelund.

Sterk og brei tropp

Nykomar Thomas Helland sette inn 2-0 og 3-0. Dei to ungdomane frå Fredrikstad, som begge skåra i Lysekloster 2-kampen onsdag, debuten sin seinare i kampen.

– I dag hadde vi Valvik, Borgen og Skage vekke, likevel hadde vi ein god tropp med oss. No har vi den breidda vi har ønskt oss.

Preben Skorpen fekk gult kort og må sona karantene i neste runde.

To trøystemål

Lysekloster fauk ut av startboksen i dag og skapte sjansar frå første minutt.

1-0 kom då Steffen Finsådal nikka inn eit frispark av Johannes Jordal.

2-0 kom då Thomas Helland fekk ein stikkar gjennom frå Simen Birkelund, som vann ballen igjen høgt på banen.

3-0 kom då Finsådal la 45 ut til Jordal før pause.

4-0 sto Helland for, etter at keeper Chris Sunde Midtun spelte langt og ballen blei heada vidare av Finsådal.

5-0 var eit sjølvmål.

6-0 blei skåra av Simen, som kom skrått på keeper, men fekk ballen over målvakta og i nota.

Sigve Rørstad sette inn både 7-0 og 8-0, det eine av dei på eit flott langskot.

– Det kunne like gerne blitt 15-0 i dag, men det er naturleg at du prøver deg på litt forskjellig når du leiar 8-0 og alle vil vera med framover, seier Birkelund.

Lysekloster speler neste kamp heime laurdag om ei veke.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.