Lokal | 26. okt. 2020

Kø etter utforkøyring på Søfteland

Bil hamna i grøfta på E39.

Kø etter utforkøyring på Søfteland
Bilen hamna utfor vegen og ned ein skråning. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 26. okt. 2020 21:03

Politi, ambulanse og brannvesen rykte i kveld ut til Søfteland etter melding om ei trafikkulykke.

– Det er éin bil involvert, skadeomfang er ukjent, fortalte Vest politidistrikt via Twitter klokka 21.24.

Framme på staden fann dei ein bil i ein skråning utanfor E39 Byvegen.

– Bilførar er oppegåande og framstår som berre lettare skadd.

Vedkomande var åleine i bilen og blir undersøkt av ambulansepersonell på staden.

OPPDATERT: Politiet mistenker køyring i påverka tilstand. Bilførar, ein mann i slutten av 20-åra, er frakta til sjukehus. Vedkomande er frå ein annan kommune enn Bjørnafjorden.

Kø forbi planteskulen. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kø forbi planteskulen. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)

Den første meldinga kom klokka 21.21. Det er i skrivande stund framleis dirigering påstaden, med kø mellom Gåsakilen og Søfteland barneskule.

Ein innringar som står i kø klokka 22.14 fortel at trafikken no står heilt i ro i begge retningar. Det kan vera eit teikn på at bergingsbil er på staden, og at vegen snart opnar, men dette er ikkje stadfesta.

– Det er ei stund sidan bergingsbil var på veg til staden, og det kan tenkast at full stopp er eit teikn på at den no er der. Men vi er på retrett med vårt mannskap, så det kan eg ikkje stadfesta sikkert, seier Espen Storum frå Bjørnafjorden brann og redning.

OPPDATERT: Vegen skal ha opna rundt klokka 22.40.

Bilberging ved Bergstø. (Lesarbilde, foto: Anved Fredriksen)
Bilberging ved Bergstø. (Lesarbilde, foto: Anved Fredriksen)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.