Lokal | 01. jan. 2010

Kokain og knekt nase

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. jan. 2010 02:42

Nyttårsaftan har vore roleg for politiet i Os.

- Vi fekk nokre meldingar om festbråk og fyrverkeri, men ikkje noko alvorleg, seier politibetjent Ørjan Hjortland.

Men noko har politivakta hatt å henga fingrane i.

- I 23.30-tida fann vi noko vi trur er kokain på ein mann. Vi tok han med inn, men dimitterte han etter avhøyr.

Mannen, som er i 20-åra, blir meldt for oppbevaring av narkotika.

- Seinare, i 01.30-tida, tok vi hand om ein som var skadd i nasa etter ein slåsskamp. Han blei kjørt til legevakt, fortel Hjortland.

Slåsskampen skal ha funnen stad utandørs, i nærleiken av ein privat fest utanfor Os sentrum. Førebels har politiet ingen mistenkte.

Det har elles vore roleg i Os, også på utestadane i sentrum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.