midtsiden

Kolås er tilbake

Etter to sesongar i Baune har Espen Kolås bestemt seg for å satsa på gamleklubben igjen.

image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Osing og tidlegare Os-spelar Espen Kolås er tilbake i gamleklubben. Han avslutta 2007-sesongen, Os sin første sesong i 2. divisjon etter førre opprykk, med å bli kåra til årets spelar. Så gjekk han til Baune.

- Eg studerer og bur i Bergen og var lei av bilturen til Os og all tida 2. divisjon kravde. Eg trengte den pausen og er no motivert for både comeback på Os og auka treningsmengd, seier Kolås.

- Imponerande utvikling
I Baune hadde han Frank Hellevik som trenar. Det får han også når han kjem tilbake til Os. Dessutan får han selskap av Tom Skråmestø, som har vore kaptein på Baune i ei årrekke.

- Dei siste vekene har eg trent med både Os og Baune. Det har vore godt å vera på Os igjen, både å treffa gamle kjente og å sjå resultatet av den spelarutviklinga som har vore i klubben dei siste åra. Dei unge spelarane som har kome opp imponerer meg verkeleg!

Ute av trening
Kolås spelte stort sett høgre eller venstre kant for Os under Øyvind Nordtveit i 4-4-2-formasjon. I Baune har han vore brukt både som indreløpar i 4-3-3-formasjon og å alle plassane framme.

- Så no skal du utfordra Tim Henrik Sperrevik om både plass på topp og toppskårartittelen?

- Vi får sjå kor Frank vil bruka meg, men først må eg koma i form. I haust var eg seks månadar i Equador, heilt utan trening, så eg treng nok ein månad før fysikken er nokonlunde god nok.

Espen har eit halvt år igjen av eit treårig utviklingsstudie. Opphaldet i Equador var ein del av studiet av sosiale- og økonomiske forhold i utviklingsland.

Fleire saker