Lokal | 24. sep. 2012

Kolliderte på skuleplassen

Ingen blei skadd då bil og mc kolliderte på Os vidaregåande skule i dag.

Kolliderte på skuleplassen
Os vgs. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 24. sep. 2012 13:54

Ein gut på motorsykkel blei sjekka av ambulansepersonell etter kollisjon med bil ved Os vgs måndag.

– Ulykka skjedde inne på skulen sitt område. Guten på motorsykkelen blei sjekka på staden og skal vera meir eller mindre uskadd, seier politibetjent Kenneth Rastad.

Ulykka skjedde i 13-tida.

Etterforskinga viste at føraren av den lette motorsykkelen ikkje hadde førarkort for denne. Politiet oppretta difor sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.