Kollisjon i Lepsøykrysset
To bilar var involvert i ei trafikkulykke på E39 Halhjemsvegen i dag. Trafikken sto bom fast mens redningsarbeid pågjekk.
Litt før klokka 14 tysdag ettermiddag blei det varsla om eit trafikkuhell i Lepsøykrysset på E-39.
Politi, brannvesen og ambulanse rykte ut til staden.
– Det var ingen passasjerar i dei to involverte bilane, fortel politiet på staden.
– Men den kvinnelege føraren av den mest skadde bilen blir frakta til Haukeland med ambulanse. Skadeomfanget i uvisst, men ho ser ikkje ut til å vera hardt skadd.
Den eine bilen, som kvinna kjørte, skal ha hatt retning Halhjem på E39 då den kolliderte med ei stasjonsvogn som kom ut frå Lepsøyvegen.
Stasjonsvogna blei lettare skadd på venstresida av fronten. Føraren av denne bilen blei ikkje skadd.