Lokal | 12. feb. 2009

Kollisjon og lange køar

Tre bilar var involvert i ein kolllisjon på Hetleflåten i ettermiddag, og fleire bilar hamna i grøfta i Lysefjorden og på Fanafjellet.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. feb. 2009 09:20

Klokka 15.15 torsdag ettermiddag fekk politiet melding om ei trafikkulykke på Hetleflåten.

- To personbilar og ein lastebil var involvert. Ein person er fastklemt. Vi kjem til å opna vegen rundt klokka 16.20, slik eg har forstått det på dei som er på staden, seier Terje Hilland i Hordaland politidistrikt.

Ei kvinne blei frakta til sjukehus i ambulanse, medan ein annan person blei kjørt til lokal legevakt for sjekk etter ulykka.

Vegen opna den eine retningen, men dei som venta på å koma seg til Os sto framleis å venta klokka 17.20.

Over Fanafjellet går trafikken noko betre, men heller ikkje der utan problem.

Først sto køen opp fjellet frå Bergen, grunna to som hadde kjørt seg fast nærmare toppen.

Då det lausna var det ikkje alle som kom seg vidare, dermed blei det meir kø.

Ein buss står delvis utfor vegen ved Lysekloster kapell, og ein annan bil har hamna i grøfta i Åsen.

Midtsiden.no kjem tilbake med fleire bilde og meir om trafikken denne snøtunge torsdagsettermiddagen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.