Kollisjon på E39
Ein person klagde over smerter i hovudet etter kollisjon ved Søfteland.
To bilar har kollidert på E39 Osveien ved Bahus (mellom Røykenes og avkjørsle til Haugsdal, rett over bygrensa).
– Det skal ha vore ei påkjørsle bakfrå, fortel Lars Geitle, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
Har du tips eller bilde? Send til Midtsiden på tips@midtsiden.no eller 97975200.
Politi, brannvesen og ambulanse rykte ut i 14.45-tida torsdag.
– Det sit tre personar i bilen som er påkøyrd, éin i bilen som kom bak. Det er førebels uvisst kva skadeomfang det er snakk om, men éin person skal ha klagd over smerter i hovudet.
OPPDATERT: Trafikken sto i periodar i ro i begge retningar på ulykkesstaden, men i 16-tida blei det avslutta på staden.
Begge bilane måtte tauast vekk.