Politi | 25. okt. 2022
Kollisjon på Osveien
Kø på E39 etter samanstøyt mellom lastebil og personbil.
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 25. okt. 2022 15:05
Tysdag ettermiddag fortel Vest politidistrikt om kollisjon mellom bil og lastebil på Vallaheiane.
Meldinga kom klokka 16.55.
Det er ikkje meldt om personskade, men materielle skadar og hinder for trafikken.
I skrivande stund er det kø i begge retningar på Os-sida av Vallaheiane.
Det er dirigering på staden.
Hamrevegen er heldigvis opna igjen litt før planen, og er aktuell omkøyringsveg.
Oppdatert: Politiet opplyser klokka 17.45 at vegen er open igjen for fri ferdsle.
Det er ikkje oppretta sak.