Sport | 13. feb. 2018

Kolskogen spelte 2 av 3 på La Manga

– Enkelte var litt rustne i første kamp, men det kom seg veldig, seier landslagstrenar Gunnar Halle.

Kolskogen spelte 2 av 3 på La Manga
Ole Martin Lekven Kolskogen (i midten bak) og resten av laget som starta mot Ungarn. (Foto: Helge Bjørke, NFF)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. feb. 2018 08:33

I dag reiser Ole Martin Lekven Kolskogen og resten av G17-landslaget heim etter ei veke med samling og tre landskampar i den spanske kystbyen La Manga.

– Det har vore veldig gøy. Det gjekk litt trått i første kamp, men så kom det seg, seier Ole Martin til Midtsiden før han må pakka vidare for å nå samling før avreise.

Etter å ha spelt frå start og heile kampen mot både Slovakia (1-3-tap) torsdag og Ungarn (2-3-tap) laurdag, fekk han ikkje spela mot Sverige (4-0-siger), som han sa til Midtsiden at han ønskte etter landslagsuttaket i januar.

– Solid mot Ungarn

Noreg tok leiinga på eit sjølvmål av Slovakia, men tapte 1-3 torsdag.

– Det er tidleg på sesongen for oss i Noreg. Det å koma rett frå is, snø og harde kunstgrasbanar, til spansk gras, blei litt brått for mange, og vi hadde noko kort tid på graset saman før første kamp, seier Halle til Midtsiden.

– Fleire var litt prega av lite kamptrening dei siste månadane, men Kolskogen var blant dei som løfta seg i andre kamp. Der var forsvaret vårt solid, vi leia kort tid før slutt og burde klart å vinna denne.

Det sto 2-1 til Noreg, men Ungarn skåra to i sluttminuttet.

For kampdetaljar og terminliste - sjå fotball.no si side for G17-landslaget.

EM-playoff neste

Dei neste kampane til Noreg G17 er 21., 24. og 27. mars mot Tyskland, Skottland og Hellas i EM-playoff.

Kampane går på OL-stadion frå 2004, Pampeloponnisiako i Hellas.

– Kor viktige var prestasjonane på La Manga for uttaket til EM-playoff?

– Vi føler vi har ganske god oversikt, no handla det mest om at vi skulle koma i gang, få ei samling og nokre gjennomkøyringar med laget. Det ser vi at vi hadde bruk for, seier Halle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.