Kolskogen tildelt stipend
Årets spelarstipend frå NFF Hordaland gjekk til Ole Martin Lekven Kolskogen.
I helga hadde Hordaland fotballkrets leiarmøte og gjennomgang av årsrapport på Thon Hotel Bergen Airport.
Der blei det gjeve ut prisar til fleire trenarar - og spelarstipend til éin gut og éi jente.
– Prisen skal gå til «ein talentfull spelar mellom 14 og 18 år, med utviklingsmoglegheiter i nasjonal målestokk, som har markert seg gjennom sesongen», seier Roald Stigen.
Stigen er tidlegare sportssjef i Os Fotball og medlem av komiteen som deler ut stipendet, sportskomiteen i NFF Hordaland.
Spelarstipendet, som er på 5000 kroner, gjekk til osingen Ole Martin Lekven Kolskogen (fødd 2001).
Han gjekk i vinter frå Os Fotball til Åsane.
Jenta som mottok same stipend er Anna Lan Meland Lysebo (fødd 2001), tidlegare Baune, no Sandviken il. Sandviken-trenar Øyvind Nordtveit, som i 2006 rykte opp med Os sitt A-lag, fekk trenarpris.
– Vi hadde fleire gode kandidatar, men desse to skil seg ut og fortener ei ekstra merksemd, meiner trenar- og spelarutviklar Petter-Johan Pettersen i Hordaland fotballkrets.
Dette skriv sportskomiteen om Kolskogen:
«Han er en svært seriøs og treningsvillig spiller, som lenge har vært flink til å ta ansvar for egen utvikling. Han markerte seg gradvis sterkere i kretsgruppen og ble etter hvert en av de mest fremtredende spillerne i denne årsklassen. I 2017 spilte han seg inn på G16 landslaget, og har siden det vært fast i denne landslagsgruppen som midtstopper. Ole Martin er en allsidig fotballspiller som holder høyt nivå både som midtstopper og spiss. I 2017 spilte han seg også fast inn på A-laget til Os, der han viste at han var klar for å spille seniorfotball på nasjonalt nivå. Foran sesongen 2018 har han valgt å spille for Åsane Fotball for å utvikle seg ytterligere, og det blir spennende å se om han tar steget inn på OBOS liga nivå allerede i 2018 sesongen. Det blir svært interessant å følge Ole Martin i tiden som kommer, og vi ønsker lykke til med din videre karriere og utvikling.»
Ole Martin, som nyleg spelte to av tre landskampar i Spania, blei torsdag i førre veke tatt ut til nok ei samling. G17-landslaget er samla på Fagernes i perioden 26. februar til 2. mars. Der skal dei spela kampar i Valdres Storhall mot Valdres og Gjøvik/Lyn.
Neste teljande landskamp går mot Tyskland i EM-kvalifisering 21. mars.