Lokal | 07. nov. 2018

Kolskogheiane er open

Endeleg fri flyt mellom Industrivegen og Ulvenvegen.

Kolskogheiane er open
Kolskogheiane i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. nov. 2018 08:12

Den kommunale vegen Kolskogheiane, som har vore stengt sidan 29. mai, er opna igjen.

• Les òg: Snorklipping på eit nytt stykke av Ulvenvegen

– Noko arbeid står igjen, men dette reknar entreprenøren med at dei skal kunna gjennomføra utan at vegen er stengt, seier Kari Bremnes frå Statens vegvesen.

Vegen har hatt eitt køyrefelt ope i heile anleggsperioden, men dette har berre vore ope for buss i rute.

Då ein ung bilist nyleg fekk 5500 kroner i bot for å køyra gjennom dette feltet, i 19-tida på kvelden, stilte mange lesarar seg kritiske til både politiet, som tilfeldigvis såg lovbrotet, og til vegvesenet, som har halde vegen stengt så lenge.

– Vi fortener kritikken, sa Bremnes til Midtsiden i førre veke.

Ho lovde samtidig fortgang. I går var det asfaltering, og vegen blei opna for trafikk i løpet av kvelden tysdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.