Sport | 01. apr. 2017

Kom fem timar før opning for å kjøpa elsykkel

– Det er nokre sprø tilbod! Heldigvis er det berre før opning at det er noko særleg kø, seier Jan Frode Skeie etter at MX Sport opna årets sportsmesse i Grieghallen.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 01. apr. 2017 11:14

For niande år på rad arrangerer MX Sport Bergen Holding AS den store sportsmessa Fritt & Vilt i Dovregubbens Hall i Grieghallen.

62 utstillarar, gratis inngang og fleire aktivitetar og underhaldningsinnslag er kvart år med på å lokka rundt 30.000 gjestar til messa.

– Det blir lang kø før opning kvart år, men med 10 kassar og tre tilsette i kvar kasse så går køen fort unna. Vi tar inn 100 i slengen, det er stort sett berre før opning at det er kø, seier Jan Frode Skeie.

Med på å lokka folk til messa er enkelte ekstremtilbod.

– Fleire utstillarar har eit avgrensa tilbod per dag, så det kan fort bli kø kvar formiddag denne helga, seier Skeie.

Midtsiden var innom før messa opna fredag. Ein av dei som sto lengst framme i køen hadde kome til Grieghallen klokka kvart over sju for å sikra seg ein billig elsykkel.

Messa held fram laurdag og søndag, med blant anna oppvising med Os Swingsklubb. Lilleballong frå Os lager eigen leikeavdeling for born, det er rigga stor pumptrack for sykkel, sparkesykkel og skateboard, og det blir fleire toppspelarar innan handball å møta på messa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.