Kultur | 14. juli 2011

- Kom tidleg, få med deg alt

Er den klare oppmodinga frå rockesjef Kjetil Grønvigh til alle som skal på Rock 'n LoL.

- Kom tidleg, få med deg alt
Andris Hamretorsdag 14. juli 2011 22:49

21 band, 2 scener og ein fest utan like. Vi har bedt leiar i Os Rockeklubb Kjetil Grønvigh om å gje ei vurdering av årets artistar.

- Du ber meg om det nesten umoglege. Det er så mykje bra.

- Eg har eigentleg berre ein ting å seie. Kom til det første bandet går på scena og bli heile kvelden, smilar rockesjefen.

Cockroach Agenda frå Fusa får gleda av å rocke festen i gong får teltscena i kveld klokka 1745.

- Det er eit av banda eg absolutt skal ha med meg.

- Dei jamna julerocken med jorda. Dette er gutar som har forstått ein sjanger som oppsto lenge før dei blei fødd, vurderar Kjetil.

- Heile fredagen blir ein ganske hard dag med Bone Shakers, Wolves like Us, Manheads og Jeroan Drive på rekkje og rad.

- Eg trur mange kan få seg ei positiv overrasking. Ein treng jo ikkje stå oppå høgtalerane, ler Kjetil.

Orbo både fredag og laurdag

Først ut på hovudscena fredag er Orbo & The Longshots som går på 18.15. Dei kjem attende laurdagen for å spele på familiearrangementet frå klokka 11.

- Då kjører vi på med aktivitetar og musikk, fortel festivalsjef William Lindborg.

- Om ungane får vera med på festival i ung alder trur eg dei får med seg eit minne for livet, smilar Lindborg.

Resten av laurdagen slit rockesjef Grønvigh med å vurdera.

- Det er litt meir ukjende artistar for meg, men eg kan ikkje skjønne anna enn at det er noko for alle her, seier han når han ser nedover programmet.

- Når Neoplasma speler bør ein kunne kjenne vibrasjonane langt utanfor Søfteland, trur Grønvigh.

- Dei er i kjempeform og kjem til å levere historiens beste gig, garantert.

- Ellers er eg spent på kva Heilage Olav finn på i år. Han har alltid mykje løye på lager, meiner Kjetil om bonden som lånar ut garden sin til festivalen Olav Valle.

Kjetil fortel at sjølv om det er vanskeleg å dømme artistane som skal på lørdag er han sikker på ein ting. Dette er eit heilt fantastisk program med noko for alle.

- Det skal i allefall ikkje stå på programmet om det skal bli vellukka, meiner Grønvigh.

Rockeklubben med backline

Då vi møter Grønvigh er han i ferd med å gjera klart tre trommesett med tilhøyrande utstyr.

- Rockeklubben har tatt på seg all backline som skal tilfredstille alle dei 21 artistane sine krav og behov.

- Noko utstyr har vi sjølv, men vi har og vore ute på bygda og hos kontaktar rundt forbi for å få låne utstyr som matchar dei spesifikasjonane banda har stilt, fortel Kjetil G.

- Ein stor fordel er at vi har Espen Hjertaas i klubben. Han har vore ute i den store verda og lært og stiller med nokre sinnsjuke exelark kor alt på scena for kvar av artistane er planlagt til minste detalj, avsluttar rockesjefen som gler seg til det brakar laus fredag ettermiddag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.