Næringsliv | 14. mars 2019

Komande søndags-Rema får nybakt nabo

På 4 år har kjeda opna 13 nye utsal i bergensområdet.

Komande søndags-Rema får nybakt nabo
Dette 250 kvm store tilbygget skal husa søndagsopen Rema 1000 og Pizzabakeren når det står ferdig, truleg i midten av mai. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. mars 2019 20:19

I november blei det kjent at Rema 1000 Kuven stasjon gjekk med planar om tilbygg og eigen søndagsopen filial.

Rema skal ha største halvdel av det 250 kvadratmeter store tilbygget, som er under bygging, mens det no har kome ein eigen leigetakar på resterande 100 kvadratmeter.

– Servicebakeriet AS blir leigetakar hos oss, fortel Bjarne Øen frå MTB-gruppen, selskapet som eig dette og fleire andre bygg som Rema leiger hos.

Står bak 8 av 13 nye Pizzabakeren-utsal

Sidan 2015 har det kome 13 nye Pizzabakeren-utsal i bergensområdet. Servicebakeriet AS eig 8 av desse, og vil opna nummer 9 på Os.

– Vi veit at Pizzabakeren har vore i Os før, men det er òg alt vi veit. Det var ikkje i vår regi. Vi opplever vekst og god marknad for varene våre, og ser veldig fram til å etablera oss på Os, seier Preben Gulliksen.

Gulliksen driv Servicebakeriet AS saman med medeigar Christoffer Sund. I tillegg har Gulliksen sjølv to Pizzabakeren-utsal i Stavanger.

Henting og bringing av pizza og is

Pizzabakeren driv ikkje restaurant, men lager mat for utkøyring og henting.

– Pizza er hovudproduktet vårt, av botn som vi baker fersk kvar dag, og effektiv drift med hyggelege prisar.

– Men vi sel òg litt snacks, som kyllingklubber, nachos, kvitløksbrød og Ben & Jerrys-is.

Gulliksen fortel at det varierer frå stad til stad kor mykje utkøyring det er, og kor mange som hentar sjølv.

– Det er gjerne 15-20 prosent som bestiller utkøring, resten hentar sjølv. Men det varierer. Vi er glade for å ha sikra oss denne plasseringa, ved ein stor og snart søndagsopen Rema 1000-butikk med god parkeringsplass langs ein hovudveg som er lett å svinga av og på.

Utsalet får ei sitjegruppe der kundane kan venta. Byggherre MTB-gruppen lager òg ei sitjegruppe utandørs, der folk kan sitja og nyta maten dei har henta.

12 til 16 nye arbeidsplassar

Før Pizzabakeren kan opna på Os skal det søkjast etter folk.

– Vi har ein del erfarne folk på dei åtte andre utsala våre, og nokre av dei vil nok vera med på Os, i alle fall i starten. Men flesteparten av dei som skal jobba der blir nok nytilsette osingar.

Ved dei andre Pizzabakeren-utsala jobbar det 12 til 16 tilsette, to på fulltid, resten på deltid.

Kan bli ferdig i mai

Øen fortel at dei, etter byggestart, lurde på om dei kunne klara ferdigstilling til påske. No er det klart at dei treng litt meir tid.

– Vi måtte pæla ein del, ned til 40 meter på det djupaste, som er dobbelt så djupt som venta.

No reknar han med at tilbygget skal vera ferdig i midten av mai, men ingen opningsdatoar er førebels klare for leigetakarane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.