Komisk haust på Oseana
Kulturhuset satsar stadig friskare på humorfronten.
– Det skal ikkje stå på humoren i haustprogrammet vårt, fortel marknads- og kommunikasjonsansvarleg ved Oseana, Veronica Søilen Halhjem.
– Vi har opplevd god respons på humor til no, og vi har blitt utfordra av publikum på å booka inn endå meir. Fram til jul blir det plenty å le av!
Ausekarane, Linda Eide, Halvor Johansson, Dr. Bergland, Kristian Valen, Are Kalvø og Julegøy er alle klare for Oseana.
I tillegg tek ordkunstnaren Øystein Sunde turen til Os med showet «Meget i Sløyd».
Sel godt
Halhjem fortel at det framleis er mogleg å skaffa seg billettar til dei fleste showa, men at det til nokre av dei byrjar det å hasta om du vil ha favorittsetet ditt;
– Det er godt med ledige plassar til Ausekarane og Linda Eide sine show, men til Halvor Johansson er om lag halvparten av billettane allereie selt.
– Dr. Bergland køyrer to framsyningar, og til den første er det berre få billattar att, mens det til ekstraframsyninga framleis er godt utval i sete.
– Til dei to framsyningane til «Julegøy 2» er faktisk halvparten av billettane selt, og desse ser saman med Valen ut til å bli gode julebordbookingar, seier Halhjem.
Aurora toppar dei lokale
Sjølv om Oseana får besøk av store produksjonar som Vamp, Svanesjøen - framført av Den russiske nasjonalballetten, og The Nordic Floyd Show med sin Pink Floyd-hyllest, fortel Halhjem at dei lokale stjernene ikkje er å kimsa av;
– Fonos, Os skulekorps, Tilslørte Bondepiker med Oldtimers Bigband, og ikkje minst Aurora, er alle med å gjera haustprogrammet så bra som det faktisk er.
Då billettane, til det som vert Aurora si turneavslutning, vart lagde ut for sal, opplevde Oseana ein pågang dei aldri før hadde opplevd.
– Til no er om lag halvparten av billettane til Aurora seld. Sjølv om vi opplevde ei stor pågang til å byrja med, reknar vi med at dei siste 500 billettane vil forsvinna ettterkvart som det nærmar seg konsert.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.