Lokal | 10. mai 2017

Kommunen må saldera budsjettet

Det endelege statsbudsjettet gav Os kommune 1,7 millionar mindre å rutta med. I tillegg slit fleire av tenestene med å halde budsjettet.

Kommunen må saldera budsjettet
Os rådhus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 10. mai 2017 15:00

Som følgje av handsaminga av statsbudsjettet i stortinget fekk Os kommune 1,7 millionar kroner mindre enn dei hadde rekna med då kommunestyret vedtok budsjettet for 2017 i desember 2016.

– Kommunebudsjettet må salderast etter at handsaminga av statsbudsjettet i stortinget gav kommunen 1,7 mill. kr mindre i rammetilskot enn framlegget. Det er og ein del utfordringar i tenesteproduksjoen som vi må ta tak i, skriv rådmann Christian F. Fotland i innleiinga til rekneskapsrapportane for februar og mars som skal handsamast av formannskapet neste veke.

Har blitt til øyremerka tilskot

Det er tre endringar i statsbudsjettet som gjer at Os kommune får denne reduksjonen.

– Den auka satsinga på tidleg innsats i grunnskulen vert omgjort til eit øyremerkt tilskot, med tilsvarande reduksjon i kommunane sine rammetilskot. For Os kommune er trekket i rammetilskot kr 655.000 for 2017.

– Kontantstøtta vert auka frå 01.08.2017 og regjeringa legg til grunn at dette vil redusera etterspurnaden etter barnehageplassar. Kommunane får som følgje av dette eit trekk i rammetilskotet for 2017. For Os kommune utgjer dette kr 358.000.

– Regjeringa sitt skatteopplegg inneber m.a. auka likningsverdi for sekundærbustader (hytter), noko dei ventar vil auka skatteinngangen i kommunane i 2017. For å finansiera dette får kommunane trekk i rammetilskotet for 2017. For Os kommune er dette rekna til kr 694.000, forklarar rådmannen.

Fleire barn gjev høgre utbetaling

Eitt av områda som vil ha utfordringar med å komma seg gjennom 2017 i balanse er oppvekst og kultur.

– Gjennomgang av rekneskapen viser at nokre av skulane har eit noko høgt forbruk på løn. Dette gjeld tiltak retta mot elevar som treng ekstra oppfølging. Desse skulane vert følgt opp og vi forventar at skulane samla kjem ut i balanse.

– Talet på barn i barnehagar viste ein stor auke ved opptelling i desember 2016, og dette vil medføra auka tilskot til ikkje – kommunale barnehagar, skriv rådmannen som lovar å kome tilbake til omfanget i eit eige notat. Rådmannen understreker allereie at beløpet kan bli betydeleg.

Høge utgifter til sosialhjelp

Også område for Helse, omsorg og beredskap har tøffe kår, men prognosane syner at tenesteområdet truleg vil koma ut i balanse i 2017.

– Den største økonomiske utfordringa i år blir sosialhjelpa. Rekneskapen for 2016 viser at sosialhjelp i form ytelser til livsopphald hadde eit meirforbruk på 5,7 mill. kr. Dette meirforbruket vil truleg fortsetta inn i 2017 og vidare. Tenesteområdet har fått ei rammeauke i budsjettet for 2017 på 2 mill. kr for auka sosialhjelpsutgifter, men det vil nok ikkje vera tilstrekkeleg for å ta høgd for kostnadsveksten. Ev. «kutt» for å koma i balanse må i tilfelle gjerast i tenester som ikkje er ein del av SIO – prosjektet noko som i praksis blir vanskeleg.

Om kommunen også i 2017 får meir i integreringstilskot frå staten i samband med flyktningar enn budsjettert, så kan dette vera med å dekka opp meirutgiftene til sosialhjelp slik det gjorde i 2016.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.