Kommunen med gangveg-brev til fylket
Dette vil dei ha svar på i samband med gangveg og sykkelveg mellom Hauge og Valla.
I førre veke starta Statens vegvesen med prosjektering av Hegglandsdalsvegen frå Hauge til Vallabrua og krysset inn til Borgavegen.
Vegstykket har verken fortau eller gatelys, men blir brukt som både tur- og skuleveg.
Vegvesenet har fått midlar til prosjekteringa, men ny gang- og sykkelveg er ikkje finansiert. Os kommune framskynder bygging av VA-anlegg langs vegen, som utgjer ein stor del av kostnaden, men vil no sikra framdrifta ved å passa på at Hordaland fylkeskommune er med på notene.
Torsdag hadde Os kommune eit arbeidsmøte med Statens vegvesen. Så formulerte kommunen eit brev til fylkeskommunen.
Sykkel og gange kvar for seg
– Vi ønskjer både å presisera kva vi kan bidra med, fortelja om Os kommune sine prioriteringar, og å sikra at ikkje det blir planlagt noko som er så kostbart at det ikkje blir gjennomført, seier kommunalsjef Aina Tjosås.
– Os kommune vil, som vi har planar om langs Byvegen, få gangveg og sykkelveg separat. Då blir det tryggare for fotgjengarane og meir effektiv for dei syklande. Kjem du på sykkel og hamnar bak ein barnehage på tur, kan det elles bli full stopp. Med effektive sykkelforhold kan vi få fleire som bruker sykkel som transportmiddel, kanskje det òg blir fleire syklistar som vel sykkelvegen framfor bilvegen.
– Om det ligg an til å bli noko meir omfattande utbetring av vegen, og dette ligg eit stykke fram i tid, så vil vi i mellomtida få ein enklare standard. Det viktigaste er at det skjer noko så snart som mogleg, og at vi uansett får gatelys langs vegen allereie til hausten.
Ramsa opp fleire punkt
Til fylkeskommunen fortel Os kommune at dei både tar store delar av kostnaden ved at VA-anlegget skal byggast, og at dei også kan stilla med mannskap og maskiner.
– Vi kan også forskottera fylkeskommunen si finansiering, om vi får veta at pengane kjem, men at dei eventuelt kjem seinare.
– Bør ta Hauge-Bø i same slengen
Det fylket uansett må ta seg av er kjøp av tomter langs vegen.
– Det blir ein del grunnavståing langs vegstykket. I samband med dette synest vi det er naturleg at fylkeskommunen samtidig tar grunnavståinga frå Hauge til Bø, der vi ønskjer å bygga gangveg mens vi ventar på å resten av Hatvikvegen. Det er mykje dei same grunneigarane og dette korte stykket bør takast mens dei no skal sjå på Hauge-Valla, meiner Tjosås.