Kultur | 02. mars 2011

- Komplett meiningsfullt

Slik beskriv komponist Glenn Erik Haugland øvingane til folkeoperaen Havfest.

- Komplett meiningsfullt
Andris Hamreonsdag 02. mars 2011 11:48

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 5
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

I helga var dei involverte i Havfest-framsyninga samla til andre øvingshelg på Os barneskule.

- Dette var ei komplett meiningsfull helg, oppsummerar komponist Glenn Erik Haugland.

- Den entusiasmen og innsatsviljen ensamblet visar er heilt fantastisk, fortel ein opprømt Haugland.

Er i rute

Helga gjekk med til å øva dei forskjellige gruppane både på scena og i leseprøvar. I tillegg blei det tatt mål og lignande til kostymer.

- Alt går etter planen og vi er i rute fram mot opningsforestillinga i juni, seier Haugland.

Av dei 50 som skal på scenen er mellom 35 og 40 osingar som er plukka ut gjennom audition i Fjellheim tidligare i vinter.

Forelska

HavFest er ein frodig musikkforteljing om kystens herskerinne Guri Kunna og kva som skjedde då ho forelska seg i menneskje Anfinn og dei fylgjene dette får.

I tillegg til Guri Kunna og Anfinn møtar vi mellom anna Guri Kunna si høgre hand - Vinden, Havkongen, Havfolket, Bredronninga, Brefolket og Gurifolket.

Hovudrollane er satt med Heidi Tronsmo som Guri Kunna, Ståle Ytterli som Anfinn, Magnhild Korsvik som Bredronninga og Terese Mungai som vinden.


Billettar til framsyningane blir lagt ut for sal i løpet av april.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.