Konfliktrådet i gang igjen
Hadde 22 saker i Os i fjor.
- Midtsiden startar utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her
All meklingsaktivitet i landets konfliktråd blei stansa då koronarestriksjonane blei innførte. I dag tar dei opp meklingsaktiviteten igjen - via telefon og video.
– Vi er glade for å koma i gang igjen i denne krevjande tida, kor konfliktar lett kan oppstå, seier leiar i Konfliktrådet Vest, Bjørg Sletten.
I fjor var det i alt 14 straffesaker, 5 sivile saker og 3 ungdomssaker i Os. I 2020 har det til no, i Bjørnafjorden kommune, vore ingen straffesaker, men 2 sivile saker og 1 ungdomssak.
Konfliktrådet tilrettelegg for møter sånn at dei som har ein konflikt kan løysa denne saman, og kanskje finna ei løysing som begge kan godta. Tenesta er gratis.
– Viktig å finna ein måte å koma i gang igjen
Tida med stengte kontor har vore brukt til å sikra gode rutinar for partar og meklarar for møte over telefon eller video på nett.
– Det var viktig å raskt kunna tilby alternative meklingsmøte som kan fungera godt i løpet av denne unntakstilstanden. Vi veit ikkje kor lenge den vil vara.
– Ikkje alle typar saker vil eigna seg for møte via telefon eller nett. Dei kan berre gjennomførast om begge partar aksepterer løysinga, seier Sletten.
Alternativet er å venta til koronasituasjonen har endra seg.
Merker behovet
Konfliktrådet i Vest har 9 tilsette og 40 meklarar. I Vest er det to kontor, eit i Førde og eit i Bergen.
I tråd med Helsedirektoratet sine anbefalingar for å begrensa smittefare vil alle Konfliktrådet sine kontor framleis vera stengde. Dei tilsette har heimekontor.
– Vi erfarer at mange har behov for å høyra om det vanskelege dei står i kan eigna seg for konfliktrådet. Telefonlinjene våre er opne og vi tar imot saker som før, både frå publikum og politiet.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.