Sport | 06. juli 2014

Kongen av Hardangervidda

Knusande siger: I går vann Thomas Andersen 123 km lange Xreid, 1,5 timar framfor nestemann.

Kongen av Hardangervidda
Thomas Andersen (nr 15 til venstre i bildet) leia frå start til mål i 123 km lange Xreid. (Foto: Salomon)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 06. juli 2014 07:10

Bildeserie:

Kart og løypeprofil. (Xreid.com)
Kart og løypeprofil. (Xreid.com)
1 av 1

Fredag starta løpet frå Dyranut, natt til laurdag, 14 timar og 4 minutt etter start, kom osingen Thomas Andersen i mål på Gaustatoppen.

– Eg opna hardt og kom meg i tet, men då vi fekk 20-30 kilometer på hard grusveg var eg sikker på å bli innhenta, seier Andersen til Midtsiden.

Thomas liker seg best i terreng, bortover på tørre fjellet, men auka forspranget meir og meir, både på grus og i motbakken frå Rjukan og opp til Gaustadtoppen.

Salomon Xreid Hardangervidda er 123 km langt (cirka 3 x maraton), med start på Dyranut. Etter 110 km starta den ekstreme stigninga mot mål på Gaustatoppen, 1883 meter over havflata.

Knuste rekorden

Frå før har han 3 førsteplassar og 2 andreplassar over Vidda med pulk i 100 km lange Expedition Amundsen. No er han også sjefen av Vidda utan ski.

Thomas brukte 10 timar kortare tid enn vinnaren i fjor, men då var løypa 30 km lengre.

Likevel, hadde Andersen tatt seg god tid ville han brukt 4-5 timar på yttarlegare 30 km, og slått fjorårstida med 5-6 timar.

Leia frå start til mål

Thomas stakk av garde frå start og kom til første sjekkpunkt (30 km) på 2 timar og 40 minutt. I fjor brukte dei raskaste over 3 timar til same sjekkpunkt.

– Det starta med 5 km i terreng, så var det 10 på grusveg før nye 70 i terrenget. Så kom 20-30 km på hard grus, du tenkte eg at eg kom til å bli innhenta, i staden hadde eg auka leiinga til nestemann.

Etter 70 km låg Thomas 20 minutt framfor nestemann, i Rjukan, etter 110 km, var han 40 framfor og andremann kom i mål på 123 km heile 1,5 time etter Thomas.

168 km i august

Salomon Xreid Hardangervidda var nytt løp i fjor, men årets løp var Thomas sin debut.

– Eg skulle eigentleg til Chamonix førre helg, men sponsoren min Salomon bad meg løpa Xreid.

– Nivået er høgare på kontinentet, men det var godt å vinna på heimebane.

– Etter det 86 km lange løpet i Frankrike i slutten av mai brukte eg litt tid på å finna formen. Men så tok eg nokre veker i Alpene og før start kjente eg at formen verkeleg sat, seier Thomas Andersen, som denne veka lanserte eigne heimesider.

Neste løp for Andersen blir 168 km lange North Face Ultra Trail Mont Blanc i august.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.