Kultur | 10. juni 2017

Konsert med europameistrene

Ta ei kulturell vandring søndag. På Moldegaard held Eikanger-Bjørsvik gratiskonsert. På Lyngheim er det ope hus og i Oseana er det kino og utstilling.

Konsert med europameistrene
Søndag er det Eikanger-Bjørsvik Musikklag som kjem til sommarkonserten på Moldegaard (foto frå ein tidlegare konsert: Stallmestergaarden Moldegaard)
Andris Hamrelaurdag 10. juni 2017 09:42

Søndag er det duka for ei kulturell vandring langs strandvegen.

Kvar sommar inviterer Stallmestergaarden Moldegaard til konsert i hagen på Moldegaard i samarbeid med Os kommune og Moldegaard Fondet.

Sjå klipp frå konserten i 2012

Søndag er det ingen mindre enn Eikanger-Bjørsvik musikklag som kjem til gratiskonserten klokka 13.

Etter 28 års ventetid vann Eikanger-Bjørsvik Musikklag i januar europameisterskapet for brassband og klarte for tredje gang å hente heim trofeet. Kanskje blir det eit gjenhør med «Where Angles Fly» og «Fraternity», som korpset vann meisterskapet med, når dei kjem til Moldegaard.

Ope hus

Tidlegare denne veka blei Lyngheimparken offisielt opna. Søndag inviterer Vener av Lyngheim open dag på Det historiske tunet på Lyngheim.

– Vi held ope frå 11 til 15 og har sal av kaffi og vaflar, heiter det i ei melding frå Vener av Lyngheim.

Kunstutstilling

Skal du fullføra strandvegen kan du avslutte vandringa di på Oseana kor sommarutstillinga med Håkon Bleken og Sverre Bjertnæs opnar laurdag.

– Det at vi då har klart å få ei så stor utstilling med Bleken og Bjertnæs her i Griegsamlinga er stort. Truleg kjem det ikkje mange fleire store utstillingar med Bleken på Vestlandet, fortalde kurator Marianne Gathe til Midtsiden tidlegare i veka.

På Oseana er det også bygdekino søndag kveld. På plakaten står «Lærer Frosk» klokka 16 og Johnny Depp i «Pirates of the Caribbean: Salazar's Revenge» klokka 19.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.