Konsert med Grex Vocalist

Velkomen til konsert i Os kyrkje torsdag 30.mai!

Grex Vocalis, basert i Oslo og leia av Carl Høgset
• "Korperler frå mange århundre"
• Klokka 19:30 i Os kyrkje
• Billettar kan kjøpast i døra, på kyrkjekontoret eller førehandsbestillast hos Hildegunn Aadland (mob: 951 38 011)

Om koret:
Grex Vocalis blei stifta av Carl Høgset i 1971 og etablerte seg som eit av dei leiande kammerkora i Noreg. Koret er inne i sitt siste år, og dette er den siste turneen koret gjer i Noreg. 

Heilt frå starten har koret hatt internasjonale musikalske interesser og amisjonar. Varemerket til koret er den spesielle, homogene klangen som har kjenneteikna Grex frå første plateutgjeving og fram til i dag. Grex Vocalis har teke med seg inspirasjon frå uttrykket til tidlegmusikk til andre epokar, og vil på konserten framføra musikalske høgdepunkt frå mange ulike epokar. 

Håpar de ønskjer å kome på ei av dei sjeldnare koropplevingane i Os, 

vel møtt!

Torsdag, mai 30, 2019 - 19:30