midtsiden

Konsert med Os Vocalis

Sundag inviterer Os Musikkforening til kammerkonsert med Os Vocalis og to kammergrupper frå Os og Kuventræ skulekorps.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Sundag (kl 18) inviterer Os Musikkforening til kammerkonsert i Os kyrkje. Os Vocalis og to kammergrupper frå Os og Kuventræ skulekorps er gjestar.

Skulekorpset har ei svært innhaldsrik helg framfor seg. Solistar, ensemble,  juniorkorps og hovudkorps skal delta i korpskonkurransen ”Hordablæsten” i Grieghallen i fredag og laurdag. Sundag får vi høyra det som treblåsensemblet og messingensemble spelte i konkurransen. Det er noko å sjå fram til!

Os Vocalis, som blir dirigert av Tore Kloster, har i alle år stått for god musikk formidla på ein fin måte, og sundag får vi høve til å høyre eit Vocalis som syng musikk av ulike sjangrar – blant anna renessansemusikk, norske folketonar og Grieg.

Os Vocalis blei stifta i 1982. Starten var ei musikalsk overrasking til Henrik Lyssand på 70-årsdagen hans. Lyssand var ein sentral mann i musikklivet i Os, ikkje minst kjent som dirigenten for Os Jentekor. Fleire av jentene som hadde hatt gode år under hans kyndige rettleiing ville heidra han med song på dagen hans. Nokre av dei fann ut at dei ikkje ville slutta med korsongen sjølv om dei var for gamle til å vera med jentekoret. Då blei Os Vocalis stifta.

Dei siste månadane har vi i Os musikkforening øvd litt annleis enn det som er vanleg i eit janitsjarkorps, vi har delt oss opp i grupper og spelt kammermusikk i ensemble av ulik storleik. Slikt ensemblespill er svært utviklande - kvar  enkelt musikant må ta eit større ansvar for samspelet når det ikkje er ein dirigent som har hovudansvaret for samspelet. Vi har fått kyndig vegleiing av Espen Opedal, Rune Hanisdal og Karl Ole Midtbø.

Karl Ole Midtbø skal leia oss gjennom konserten, som kjem til å innehalda flott og variert musikk frå kvar ein krok i kyrkja.

Os Musikkforening

Fleire saker